Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Framtida vår - Samfunnsplan for Sykkylven!

¤EPII_TITLE¤ Ein samfunnsplan handlar om å sette mål for korleis ein vil at kommunen vår skal vere i framtida, og finne tiltak som kan føre ein nærare målet. Sykkylven kommune er midt inne i dette arbeidet no.


Planarbeidet starta hausten 2009, med varsel om oppstart og vedtak av planprogram.

I månadsskiftet noveber/desember vart det arrangert to tenkedugnadar. Omlag 100 personar deltok på kvar dugnad. Resultatet vart eit bilde av sterke og svake sider med Sykkylven i dag, og muligheiter og truslar for framtida. Meir om resultata finn du i eigne lenker til høgre.

Resultata frå folkemøta vart til å lage målsettingar. Kommunetyret hadde eit eige arbeidmøte på nyåret der utfordringa var å sette ord på korleis vi vil ha det i framtida i Sykkylven. Og kva som er viktigast å prioritere framover. Målsettingane er knytt til emna Bulyst, Verdiskaping og Regional utviking.

Måla er kalla Slik vil vi ha det. Altså ei beskriving av korleis vi ynskjer Sykkylven skal verte i framtida.

No er arbeidet inne i ein fase der vi spør kva vi må gjere for å nå måla. Her har det vore møter med ulike grupper for å få innspel, ungdomsskulen er engasjert i samband med grûndercamp, facebook er teke i bruk, mm.


Forslag til plan er tenkt ferdig til sommaren, med høyring og vedtak etter ferien.

Har du meiningar eller innspel til kva som kan gjerast for å nå måla, ber vi om at du tek kontakt med kommunen.

Kontaktpersonar: Njell Hoftun, planleggar tlf. 70 24 67 11 eller Sean Corleone, planleggar/praksisstudent fram til 28.mai 2010 tlf. 70 24 67 05
E-post: postmottak@sykkylven.kommune, njell.hoftun@sykkylven.kommune.no, sean.corleone@sykkylven.kommune.no

Facebook: søk opp gruppa Samfunnet i Sykkylven og delta i diskusjonar.

Facebook - logo
Fotograf: facebook



Info 
Web Redaktør 28.07.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]