Koronaviruset

27.03.2020 08.13

Aktivitetskalender

Digital Kafé

"Digital kafé" ein sosial møteplass for den som er interessert i kvardagsteknologi. Kvardagsteknologi definerar vi som pc, nettbrett, smart-telefon (mobiltelefon), smart-klokker, smart-tv, appar, nettsider m.m. Kort sagt, alt som vi brukar av teknologi i kvardagen.

Dato
20. mai 2020
Tid
18:00 - 21:00
Stad
Fønix

Seniornett Sykkylven har sidan 2012 arrangert datakurs i samarbeid med Frivilligsentralen der mange eldre har deltatt. Men vi får ikkje med oss alle som har behov for å lære å bruke digital teknologi. Enkelte gruar seg for å delta eller har utfordringar med å delta i eit reint undervisningsopplegg. Tilbakemeldingar vi har fått er at dei gjerne kunne tenke seg noko meir uformelt, men samtidig ha moglegheita til å få hjelp og lære å meistre den digitale verda. Vi har difor starta med ein sosialkveld «Digital kafé», som vi arrangerar ein gong i månaden på Fønixhuset. Vi tilbyr hjelp og rettleiing innan den digitale verda. Seniornett er ein seniororganisasjon, men vi har ingen aldersgrense for å delta på «Digital kafé», så ynger er også velkomne. Vi treng også fleire gode hjelparar (frivillige), så er du interessert i digital teknologi er du velkomen. Målet er å etablere eit sosialt nettverk og ein møteplass kor eldre og yngre med same interesse kan møtast.

Arrangør

Seniornett Sykkylven
Adresse
Fønixhuset, Frivilligsentralen i Sykkylven, Kyrkjevegen 59
Postnummer og stad
6230 Sykkylven

Kontakt

Stig Ålgårdstad
Postnummer og stad

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 20.11.2019 18.00 - 20.11.2019 21.00
  2. Onsdag, 22.01.2020 18.00 - 22.01.2020 21.00
  3. Onsdag, 19.02.2020 18.00 - 19.02.2020 21.00
  4. Onsdag, 20.05.2020 18.00 - 20.05.2020 21.00