Aktivitetskalender

Humlekurs for bønder

Humler bidrar til å pollinere ein tredjedel av maten vi spiser. Denne innsatsen er berekna til å utgjere ein årleg verdi på rundt 1300 milliarder norske kroner på verdsbasis. Tal pollinerande insekt har likevel gått sterkt tilbake dei seinare åra. I Noreg står fem humleartar i fare for å verte utrydda. Desse er kløverhumla, slåttehumla, lundgjøkhumla, kysthumla og gresshumla. Endringar i landbruket er ein viktig årsak til at det blir færre pollinerande insekt i Noreg.

Dato
4. mai 2021
Tid
19:30 - 21:00
Stad
Microsoft Teams

Landbrukskontoret i Sykkylven inviterer i samarbeid med La Humla Suse til digitalt humlekurs for bønder, tysdag 4. mai. Føredragshaldar er Eirin Bruholt. Hensikta med kurset er å inspirere bønder til å spille på lag med humlene og auke kunnskapen om korleis landbruket kan sikre gode levevilkår for pollinerande insekt. På kurset vil du også lære meir om kantsoneprosjektet i regi av La Humla Suse. (Sjå gjerne på videosnutten om kantsoneprosjektet her: https://www.lahumlasuse.no/kantsoneprosjektet/ ).

Kurset er gratis. Påmelding sendast til mandy.hager@sykkylven.kommune.no innan 3. mai. Du vil då få tilsendt lenke til å følge webinaret.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Landbrukskontoret