Aktivitetskalender

Bortom allfarveg med Gunnar Garfors

Gunnar Garfors er kjent for å ha vitja alle land i verda, no kjem han til Sykkylven for å prate om den nye boka si "Bortom allfarveg". I boka har han utforska Noreg og syner oss at det finst mange ukjende, flotte stader. Ein treng ikkje oppsøkje dei mest kjende turistattraksjonane for å få fine opplevingar. Ein kan fare på eventyr og finne ukjende perler eit lite stykke unna allfarveg.

Dato
26. mai 2021
Tid
11:00 - 13:00
Stad
Sykkylven kulturhus

Arrangementet er gratis, men ein må førehandspåmelde seg. Det gjer ein ved å kontakte biblioteket. Det er eit avgrensa tal billettar tilgjengeleg. Her er det første mann til mølla som gjeld, så gi beskjed så snart som råd om du vil delta på arrangementet.

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.

Ting kan endre seg om covid-19 sitasjonen endrar seg. Dei påmelde vil då få beskjed.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
Gratis

Arrangør

Sykkylven bibliotek
Adresse
Skulevegen 11 B, Postboks 205
Postnummer og stad
6239 Sykkylven
Telefon
70246807

Kontakt

Helen Seth