3. dose vaksine mot Covid19 i veke 43

3. dose vaksine mot Covid19 i veke 43

Regjeringa har, etter råd fra Folkehelseinstituttet (FHI), beslutta å tilby ei oppfriskningsdose til dei eldre aldersgruppene.

26. oktober starter Sykkylven å tilby oppfriskningsdose til eldre, og dei som bur på institusjon, koronavaksine type Pfizer/BioNTec.

Målet med ei slik oppfriskningsdose er å auke beskyttelse mot å bli alvorleg sjuk ved smitte, bedre forutsetningane for høg grad av beskyttelse også mot nye virusvarianter, samt å forlenge beskyttelsen.

  • I Sykkylven vil alle over 65 år, som fekk 2.dose i februar, mars og april 2021, få tilbod om 3.dose 26. oktober. Dei andre får innkalling etterkvart.
  • Den tredje vaksinedosa kan setjast tidlegast 6 måneder etter at dei har fått sin andre vaksinedose.
  • Vaksinering av heimebuande innbyggjarar vil foregå i bankbygget.
  • Kommunen har kontakta mange av desse og registrert time, men ikkje lukkast å få tak i alle på tlf.
  • Vi ber no om at dei som fekk 2. dose i februar, mars og april 2021, og ikkje har vore i dialog med oss om å ta kontakt for å setje opp time. Du kan ikkje bestille dette sjølv. Ta kontakt på telefon 70 24 65 00 for å bestille tid.
  • Du kan sjekke på www.helsenorge.no når du fekk 2. vaksinedose, kommunen kan og hjelpe deg med dette.
  • Det bør gå minst 1 veke mellom koronavaksina og andre vaksiner du ev. har tatt eller skal ta.