Aksjon bustadbrann - røykvarslarens dag 1. desember

Aksjon bustadbrann - røykvarslarens dag 1. desember

Aksjon bustadbrann er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Gjensidige og Norsk brannvernforening. Den praktiske gjennomføringa lokalt er det Brannvernet, Sykkylven Energi og Elsikkerhet Møre som står for

Målet for Aksjon bustadbrann er å sette fokus på brannsikkerheita i private heimar og sette fokus på røykvarslarens dag 1. desember. Fokuset er røykvarslarar, sløkkjemiddel, rømingsvegar og trygg adferd.

Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i desember. Dette er normalt den verste brannmånaden i året og da ser vi ofte ein auke i talet på bustadbrannar.

Brann og redningskorpset vil dei komande fredagane gå frå dør til dør for å informere om branntryggleik, dele ut informasjonsmateriell, sjekke røykvarslarar og eventuelt skifte batteri samt sjå på sløkkemateriellet i bustaden. Aksjonen og besøket er ikkje meint som ein kontroll men bidra til ei bevisstgjering rundt temaet brannsikkerheit. Dette er eit gratis tilbod og det er huseigaren sjølv som avgjer om dei vil ha besøk inn i heimane sine. I år har vi valt ut området frå Ramstaddal mot sentrum så langt vi rekk fredagskveldane mellom 29. november og 20. desember.

På denne måten håper vi å sette fokus på kor viktig det er at røykvarslarane fungerer, at batteri vert skifta årleg og funksjonen vert kontrollert ofte - gjerne månadleg. Er ein godt dekt opp i bustaden med mange røykvarslarar får ein tidlig varsel. Sjølv midt på natta når alle ligg og søv kan ein kome seg i sikkerheit dersom alarmen går. Ein vil også ha god sjanse til å sløkkje eit tidleg branntilløp.

Informasjonskampanjen med besøk på døra skjer fredagskveldane mellom kl 18 og 20 frå og med 29. november til og med 20. desember. Lokalt er det Sykkylven Gjensidige Trygdelag som støttar aksjonen med gratis røykvarslarbatteri.

Brannsjefen

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete