Aldri høyrt om eigenberedskapsveka?

Vi lever i eit av dei tryggasta landa i verda, men det betyr ikkje at vi er skjerma for verken store eller små kriser. Har du det du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn, straum og mobilnett plutseleg vert borte ?

Når samfunnet vert ramma av ei krise er det mange som treng hjelp, og di fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg, di meir hjelp kan settast inn der behovet er størst. Slik er DU ein del av Norge sin beredskap.  

Frå 31.oktober til 6.november arrangerer Direktoratet for samfunssikkherhet og beredskap ei landsdekkande kampanje om eigenberedskap i samarbeid med kommunane.

Kvifor treng vi egentlig eigenberedskap?

Det er mange grunnar til at det er lurt å ha eigenberedskap. Blant anna ser vi at klimaendringane fører til meir ekstremver, som kan gi utfall av kritisk infrastruktur som vatn, straum og mobilnett. Ander hendingar som krig og sabotasje kan gjere at det blir vanskeleg å få tak i nødvendige varer. Likevel treng det ikkje vere dei store krisene som fører til at kvardagen vert sett på vent, det er like godt å ha noko ekstra tørrmat liggande eller ein dunk med vatn, når straumen går midtvinters eller vatnet vert borte eller forureina. Kvardagskriser er også kriser.

Kva kan du gjere for å førebu deg?

Du treng ikkje springe ut og storhandle, start med å sjå kva du har i skapa frå før. Dei fleste har allereie mykje av det dei treng. Det er korga med ullpledd ved sofaen, stearinlys og fyrstikker, powerbank til mobilen, batteri til radioen og sjokoladen på lur i kjøleskapet. Ta med noko av det du mangler neste gong du er i butikken, så er du snart i mål. Noko av dei større tinga kan du kanskje også få kjøpt brukt.

Det viktigaste er å tenke over kva som kan skje hos deg, kva konsekvensar det ville fått og kva du ville gjort for å handtere det. Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første dagane av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og informasjon. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av  har du kome langt.

Ei fullstendig oversikt over kva du treng finn du på sikkerhverdag.no,  men du får ei kort oppsummering her:

Mat: Mat du kan lage til utan straum og vatn er lurt, og gjerne noko som kan oppbevarast i romtemperatur og held seg lenge. For eksempel knekkebrød, energibarer og middagshermetikk.

Vatn: Utan vatn klarer vi oss ikkje særleg lenge, derfor er vatn kjempeviktig! Vi treng det til drikke, matlaging og hygiene. Dårlig hygiene kan vere grobotn for smitte så det er viktig med god hygiene ved toalettbesøk og matlaging. Her kan våtservietter og handsprit vere til hjelp. For drikke, matlaging og hygiene treng du 9 liter vatn pr. person for tre døgn.

Straum: Straum trengst til det meste vi gjer i kvardagen. Har du ikkje straum må du finne andre alternativ for å lage mat og skaffe varme. T.d. varme klede, sovepose, vedovn og primus for å lage mat på. Du kan ev. også avtale med ein nabo om hjelp. Powerbank og bil kan brukast for å lade mobilen.

Legemiddel: Om det er avhengig av legemiddel eller medisinske hjelpemiddel må du snakke med lege eller apotek om muligheit for å ha ekstra. Du bør også har ein standard førstehjelpspakke og jodtabletter i heimen. 

Informasjon: Det er viktig å har tilgang på offisiell informasjon. Nasjonalt er NRK P1 den offisielle beredskapskanalen. Pass på å bruke pålitelege kjelder. For tilgang på viktig informasjon bør du ha ein DAB-radio som går på batteri, og ekstra batteri. Bilradio kan også brukast.

Eg har aldri.....

Du tenker kanskje at du aldri har hatt behov for eigenberedskap? Tenk deg om ein gong til. Alle gongane du har tatt på ein ekstra ullgenser fordi nokon har skrudd ned varmen, eller når du måtte grave fram noko frå bakerst i skapet for du ikkje rakk å handle inn, har du brukt beredskapslageret ditt. Med ei lite reserverlager er du klar for både og små og litt større kriser.

Sjå full oversikt over råd og utstyr på Sikkerherdag.no.