Barnehagane går tilbake til ordinære opningstider

Barnehagane går tilbake til ordinære opningstider

Frå og med måndag 15. februar er dei kommunale barnehagane tilbake til ordinære opningstider, slik det var før koronautbrotet.

Ein del foreldre/føresette har hatt ekstra utfordringar knytt til reduserte opningstider i barnehagane. Etter samråd med kommuneoverlegen er det no bestemt at barnehagane kan gå tilbake til full opningstid frå måndag 15. februar. Men ein må vere førebudd på at dette raskt kan bli reversert dersom smittesituasjonen skulle endre seg. Barnehagane skal framleis køyre på «gult nivå», og vil etter beste evne handheve dei smittevernreglane som gjeld for dette nivået.