Aktuelt

11.10.2021 14.18

Bli med på TV-aksjonen 2021

Bli med på TV-aksjonen 2021

Har du lyst å bidra i årets tv-aksjon kan du opprette ei eiga digital bøsse, eller du kan donere eit valfritt beløp til ei av bøssene i Sykkylven kommune. Det vil ikkje kome bøssebærarar på døra i år. 

TV-aksjonen 2021 går til Plans arbeid for å bekjempe barneekteskap. 

Opprett eiga digital bøsse

Doner eit valfritt beløp

Skular og barnehagar

Fleire skular og barnehagar i Sykkylven har planlagt ulike aktivitetar for å samle inn pengar til TV-aksjonen 2021. Det blir blant anna arrangert skuleløp på fleire av skulane i bygda, der både foreldre, besteforeldre/slekt og andre blir oppmoda om å støtte barna med eit valfritt beløp pr. runde dei spring. Engasjementet tidlegare år har vore stort, og vi håper på like stort engasjement i år. 

Her finn du dei digitale bøssene til skular og barnehagar i Sykkylven.

Sykkylven kommune 

Sykkylven kommune har oppretta ei digital bøsse der alle som vil kan bidra med eit valfritt beløp. 

Formannskapet vedtok i møte 20.09.2021 å gi kr 5 pr. innbyggar

 

TV-aksjonen 2020 gikk til WWFs arbeid for å bekjempe plast i havet. Bilete er av 1.klasse ved Ullavik skule som plukka søppel og plast i fjøra. Kjersti Haddal Hovet  Heiagjengen laga god stemning. Bilete er frå skuleløp ved Ullavik barneskule i 2020. Kjersti Haddal Hovet