Bufetat region Midt-Norge - Digital kampanje "Ein av oss" Born og ungdom som treng ein ny stad å bu, føretrekk ofte å flytte til nokon dei kjenner frå før. Stadig fleire fosterborn får bu hjå besteforeldre, onklar og tantar, eldre sysken eller andre som bornet kjenner frå før. Sist endra 07.10.2024 13.59 For å auke folks kunnskap om moglegheita til å verte vurdert som fosterforeldre til born ein er i slekt med, eller har i sitt nettverk, har Bufetat region Midt-Norge lansert den digitale kampanjen «Ein av oss». Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunalt barnevern og Bufetat region Midt-Norge. - Vi ynskjer å gjere flest mogleg av befolkninga i Midt-Norge klar over kvar dei kan henvende seg for å få vite meir om korleise dei kan verte vurderte som fosterheim til born og unge i slekt eller i sitt nettverk, og kva dette inneber. Lenkje til andre videoar: Onkel TrulsFotballtrenar