Aktuelt

26.08.2022 10.50

Busslomma i sentrum

Busslomma i sentrum

Du undrar deg kanskje på kvifor vi ikkje har teke i bruk den nye busslomma i kyrkjeparken ?

Vel, det skuldast at den dessverre ikkje er heilt ferdig. Vi ventar fortsatt på levering og montering av lysmaster og lysarmatur.

Lysmastene vil truleg ikkje verte levert før medio oktober. Deretter skal master og armatur monterast,  kanskje går heile oktober før den kan takast i bruk. Vi håper før, men det heile er usikkert og vi kan berre vente å sjå.

  Jan Kåre Oterhals