Det er no ikkje så verst her, likevel då!

Resultata frå innbyggarundersøkinga som vart gjennomført like før ferien, ligg no føre. Undersøkinga syner at innbyggarar flest synest Sykkylven er ein god stad å bu. Fleirtalet er nøgde med dei kommunale tenestene. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Innbyggarundersøking er ein metode for å kartlegge korleis innbyggarane vurderer sentrale sider ved situasjonen i kommunen, verksemda til kommunen og haldningar og tillit til kommunen.

Det er stor variasjon i kva grad innbyggarane er nøgde eller misnøgde med ulike tenester, men samla sett er  56% nøgd eller særs nøgd med dei kommunale tenestene. Tek ein med dei som er berre litt nøgde kjem ein opp i  80% . Det er gledeleg.   Samstundes viser undersøkinga fleire felt der det er rom for forbetringar.

I rapporten er resultata frå i år samanlikna med resultata frå tilsvarande underøkingar i 2011 og i 2015. På mange område ser ein forbetring over tid.

Samanlikna med andre kommunar som gjer same undersøkinga, ligg Sykkylven likt eller litt over på dei fleste områda.