Koronaviruset

11.09.2020 08.52

Ei annleis påskehelsing

Ei annleis påskehelsing

Kjære utflytta sykkylving – du som kanskje hadde tenkt deg til heimbygda i påska. 

Vi kan melde om at det langt ifrå er normale tilstander her heime.  Men, det visste du sikkert - det er vel ikkje akkurat heilt problemfritt der du er til dagleg heller. Koronaviruset har testa samfunnet vårt.

Vi skriv til deg som kanskje er student ved ein høgskule i ein eller annan by, eller du som har flytta til ein småby, kanskje har stifta familie og til og med har fått barn, og som no har lyst heim for å besøke foreldre og besteforeldre. Vi skulle så gjerne ha sagt velkommen heim. Men akkurat i år må vi faktisk be dykk vurdere å vere der de er.

For det er ikkje normale tilstander i landet vårt! Pr no så er det ingen registrerte koronasmitta i Sykkylven. Det kan naturlegvis endre seg til i morgon, men det gjer likevel at vi er i ein svært spesiell situasjon i høve til mange andre deler av Sør-Norge. Vi er i fase 1 av epidemien sidan vi ikkje har eller har svært få smitta, og vi vil prøve å vere i denne fasen så lenge som mogeleg. For det veit vi vil kunne spare liv - ikkje minst blant dei som er i risikosona; eldre menneske eller menneske med underliggande sjukdommar.

Og den beste måten vi kan klare dette på, er ved å prøve å hindre smitten i å kome inn til bygda. Sidan du kanskje bur i ein del av landet som har fleire smitta enn her, er det faktisk ein viss fare for at du, heilt uvitande, kan vere den som tar med deg smitte heim.

Derfor går kommunen til det heilt utrulege og uvanlege skritt å be om at du denne påska ikkje legg turen til heimbygda og slektningane dine der. Du kan vere trygg på at både vi og dei gjerne ville hatt deg her, viss forholda hadde vore normale. Då skulle vi kosa oss i sola i hytteveggen, gått på ein svimlande topptur til Auskjeret eller ein trilletur langs Sørestranda, eller berre kosa oss med twist og brettspel i sofaen.

Vi går no ut med dette rådet og denne oppfordringa, og håper at dei aller fleste finn ut at dei kan innrette seg slik akkurat i år etter råd frå Helsedirektoratet. Men skulle det likevel vere slik at du kjem heim til påske, så må vi faktisk be deg om å praktisere svært strenge karantenereglar.

Det vil ikkje verte ei påske slik du hadde tenkt deg.

Det høyrest kanskje rart ut å seie det, men vi bør allereie no begynne å glede oss til påske - altså neste påske! Tenk når dette marerittet er over! Tenk når vi kan gi kvarandre ein klem i glede over å treffast igjen, dele ei appelsin uten å lure på om den er vaska først eller kunne vere meir opptatt av skismurning og Kvikklunch enn av Antibac.  Den dagen kjem, og det skal bli utruleg godt!

Ha ei god påske der du enn er!

 

Med venleg helsing

ordførar Odd Jostein Drotninghaug

kommunedirektør Eli Otterlei

Klikk for stort bilete