Er du råka av nasjonale eller sentrale smitteverntiltak ? Vi har "ventilmidler"

Er du råka av nasjonale eller sentrale smitteverntiltak ? Vi har "ventilmidler"

Sykkylven kommune er tildelt kr 700 000 i ei «kommunal ventil-ordning». Denne skal setje kommunen betre i stand til å hjelpe lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smittverntiltak.

Ventilmidlar er ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Klikk for stort bilete 

Formål
Formålet er å raskt avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale 
eller nasjonale smitteverntiltak, og som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle 
kompensasjonsordningane.


Tildelingskriterier
• Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre 
verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle 
kompensasjonsordningane.
• Lokale verksemder som har hatt kostnadar eller tap som følgje av smittevernstiltak og 
nedstenging.
• Fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
• Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Sykkylven kommune
Kommunen har fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale 
situasjonen. 


Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no

Sykkylven kommune set krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og vi kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring.

Søknadsfrist 15. april 2021 

 

Tildeling blir vedteke av formannskapet i Sykkylven kommune 10. mai.

For spørsmål kontakt:

Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Helene Folstad
Mobil 92 45 58 52
E-post: asne@skaparglede.no


Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med 
gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.

Krav til søknad
Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, inkludert 
erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor), så som: 
 • tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
 • ekstra kostnader til smitteverntiltak
 • andre kostnader 
• dokumentasjon om grunnlag for og planar om vidare drift

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 
2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i. Søkjar må syte for at samla motteke offentleg 
støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk 
(bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).

Rapportering
Mottakar skal levere ein enkel rapport som omtaler bruken av midlane seinast 6 månader etter 
mottak av informasjon om støtte/tilsegnsbrev.


Sykkylven kommune og Kommunal-/Moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll 
med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.


Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på  Kommunal- og  Moderniseringsdepartement