Aktuelt

11.10.2021 14.18

Fastlegesituasjonen i Sykkylven kommune

Fastlegesituasjonen i Sykkylven kommune

Sykkylven kommune har, som andre kommunar i Norge, no fått merke utfordringa rundt arbeidsmengde, rekruttering og drift av fastlegetenesta.

Det kommunale legesenteret i Sykkylven er fortsatt i ein etableringsfase, der planlegging av drifta har vore, og fortsatt er, utfordrande. Dette, i tillegg til ein langvarig pandemi, har skapt eit stort press på tenesta den siste tida. 

Med bakgrunn i fleire samanfallande utfordringar, er vi no i ein situasjon der vi ikkje har full legedekning ved vårt fastlegekontor. Dette vil føre til lengre ventetid, og at det som kan vente  vente. Fastlegetenesta vil framover, ikkje fungere heilt slik ein er van med.

Statsforvaltaren er informert om situasjonen i Sykkylven og framhevar at den klart viktigaste prioriteringa for kommunen i denne situasjonen er øyeblikkeleg hjelp og legevaktsansvaret. Sykkylven kommune vil presisere at alle våre innbyggjarar vil få den legehjelpa som er nødvendig og at våre tenester fortsatt er gode og forsvarlege, men at terskelen og tilgjengelegheita vil vere noko endra. Vi oppfordrar no innbyggjarane i Sykkylven om å avvente legebesøk som kan vente.

Sykkylven kommune beklager dette på det sterkaste og jobbar kontinuerlig for å løyse utfordringane og finne løysingar i form av rekruttering av nye legar og vikarar. Vi ber om tolmod og takkar for forståing.