Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Fleire kan få bustøtte

Fleire kan få bustøtte

Den øvre inntektsgrensa for å motta bustøtte er midlertidig auka slik at fleire som er ramma økonomisk av koronapandemien kan få rett til støtte. Dette gjeld for perioda april - til og med oktober 2020

Les meir i pressemeldinga frå Husbanken

Den øvre inntektsgrensa for å motta bustøtte er avhengig av kvar i landet du bur og kor mange de er i husstanden. Sykkylven kommune tilhøyrar kommunegruppe 4. 

På husbanken.no kan du enkelt sjekke kva øvre inntektsgrense som gjeld for deg. Sjå punktet "Finn din inntektsgrense".

Det enklaste er å søkje elektronisk. Du må då logge inn med BankID eller anna e-ID.

Du kan søkje her

Søknadsfrist for bustøtte er den 25. kvar månad