Fleire personar i karantene i Sykkylven

Fleire personar i karantene i Sykkylven

Med bakgrunn i eit smitteutbrot i Stranda kommune har fleire personar i ettermiddag/kveld måtte gå i karantene i Sykkylven.

Klikk for stort bilete 

To avdelingar på Ullavik barnehage og ei klasse på ungdomskulen er sett i ventekarantene.

Nærkontaker til smitta blir også testa. 

Restauranten Raus har hatt besøk av ein av dei smitta laurdag 24. april, i tidsrommet kl 1830-2040. Var du på restauranten i denne perioden, og ikkje har registrert deg slik at du får informasjon frå Raus, ber vi deg om å teste deg snarast råd. Du kan bestille time for testing her. Det er berre dei som sat på same bord som smitta som vert rekna som nærkontakt og skal 10 dagar i karantene. Dei som elles var i restauranten vert kun oppfordra til å teste seg, og må då vere i karantene til ein får svar på testen. 

Family Sport Club har hatt besøk av ein smitta fredag 23. april kl 2100-2230, og søndag 25. april kl 2000-2130. Fleire har blitt kontakta av smittesporingsteamet for å gå i karantene og teste seg. 

Var du på Family Sport Club i det aktuelle tidsrommet ber vi deg om å teste deg, sjølv om du ikkje har vorte kontakta for å gå i ventekarantene. Bestill time for testing her.

Førebels er ikkje noko stadfesta smitta i Sykkylven.

Vi oppdaterer status så snart vi har meir informasjon å dele.