Folkemøte om kommunedelplan for helse, omsorg og velferd

Folkemøte om kommunedelplan for helse, omsorg og velferd

Torsdag 3. oktober kl. 17:00 - 20:00. Stad: Kulturhuset.

Vi inviterer til ope folkemøte om ny kommunedelplan for helse, omsorg og velferd. Sjølve planprogrammet for arbeidet har vore på høyring, og er vedteken i kommunestyret.

Planen skal omfatte det heilheitlege helse-, omsorg og velferdstilbodet til innbyggarane, uavhengig av alder, diagnose og ståstad. Folkehelseperspektivet er svært viktig for alle aldersgrupper. Planen gjeld for alle: born, unge, vaksne og eldre som bur i Sykkylven kommune. Den er retta mot dei som mottek helse-, omsorg og velferdsteneste i dag, og for framtidige brukarar.

I tillegg vil kommunen orientere om særlege område som tiltak retta mot barn og unge, demensomsorga, velferdsteknologi/innsatsteam og bustadsosialt arbeid.

Dette folkemøtet er meint å gi informasjon om fokusområde i helse og omsorgsplanen og utvalde tema. Det vil bli moglegheiter til å kome med innspel og forslag i høve planen. 

Vi ønskjer innbyggarar, tilsette, politikarar, representantar frå lag og foreiningar hjarteleg velkomen!

 

Program

17:00

Velkomen ved kommmunalsjef

17:10-17:20

Folkehelsa i Sykkylven ved kommuneoverlege

17:20-18:00

Framtidas helse-, omsorg- og velferdstenester – kommunens hovudsatsing i planperioden

18:15-18:35

Ung i dag, oppvekst med behov for tenester, kva er viktig for ungdom for å ha eit godt liv?

18:35-19:00

Demensomsorg i Sykkylven (korleis yte tenester til denne gruppa og deira pårørande)

19:15–19:35

Velferdsteknologi og innsatsteamet

19:35-19:50

Bustadsosialt arbeid

19:50-20:00

Avslutning

VEL HEIM!

 

Enkel servering.