Koronaviruset

01.04.2020 08.07

Forbod mot arrangement med over 100 deltakarar

Forbod mot arrangement med over 100 deltakarar

Sykkylven kommune har sett forbod mot arrangement og samlingar med over 100 mennesker. Forbodet gjeld for alle, som for eksempel kulturinstitusjonar, utestadar, idrettslag og frivillige organisasjonar. 

Vedtaket er fatta etter smittevernloven § 4-1, 1. ledd bokstav a) som gir heimel for å vedta «forbud mot møter og sammenkomster eller påbud om andre begrensninger i den sosiale omgangen overalt der mennesker er samlet».

Ved utestader og forsamlingslokaler kan ein max sleppe inn 100 besøkande, og areal med ståplassar skal gjerast om til sitteplassar i den grad dette er mogleg. Er det ikkje mogleg med sitteplassar, skal dei besøkande ha nok areal til at ein kan halde minst ein meter avstand.

Ved arrangement med under 100 deltakarar vert det oppmoda å ta omsyn til smittevernet ved å plassere deltakarane så langt frå kvarandre som mogleg, og sørge for grundig reinhald av kontaktpunkt.

Dei arrangørane som ynsker ei risikovurdering, kan bruke følgande skjema på Folkehelseinstituttet sin nettstad.

Skjema skal sendast til  korona@sykkylven.kommune.no  Då vil kommuneoverlegen gjere ei vurdering av tiltaket, og kome med råd. Når eit arrangement vert avlyst, er det arrangøren sjølv som må bere dei økonomiske kostandane dette fører til, jamfør smittevernlova 4-1 og 1-5Sjå eiga rundskriv frå staten.


Ved arrangement for mennesker i risikogrupper, ber vi om at dei får arrangement vurdert av kommuneoverlegen. Bruk epost: korona@sykkylven.kommune.no

Forbodet gjeld frå no og til 1.mai. Dersom situasjonen endrar seg, kan kommunen oppheve forbodet før 1.mai.