Aktuelt

14.01.2022 16.00

Førebu deg på ekstremver onsdag og torsdag

Førebu deg på ekstremver onsdag og torsdag

Det vert meldt om store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting.

NVE har heva farenviået til RAUDT med stor fare for sørpeskred, flaumskred og jordskred. 

Sjekk rundt eigedomen din, hald sluk og rister fri for is/snø og sikre lause gjenstander.

Vikeelva Bjarte Hovland   

Ver spesielt merksam på at elver og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is, og også ta nye vegar.

I tillegg blir det stor snøskredfare.

Vi ber alle om å ta nødvendige forholdsreglar og følgje med på vêrvarslinga. Les råd og hald deg oppdatert på varsom.no om flaum og skred.

Viktige telefonar:

Brann 110

Politi 112

Ambulanse 113

Legevakt 116117

Vakttelefon kommunale vegar 91 89 17 57

Vakttelefon Sykkylven energi: 70 24 63 50