Koronaviruset

01.10.2020 10.33

Foreldre slepp å betale for SFO og barnehage

Foreldre slepp å betale for SFO og barnehage

Regjeringa har bestemt at foreldre/føresette ikkje skal betale for barnehage og SFO så lenge tilboda er stengde på grunn av fare for smittespreiing.

Det kan ikkje krevjast foreldrebetaling for den perioden barnehagar og SFO held stengt på grunn av koronaviruset. Foreldre/føresette slepp å betale frå den datoen tilbodet om SFO og barnehageplass vart stengt. For å kunne handtere faktureringa ber kommunen om at utsendte fakturaer for mars månad vert betalt på vanleg måte. Det som brukarane betalar for mykje i mars vert refundert i form av reduserte beløp ved seinare fakturering.