Forlenger lokal forskrift tom 14. april - oppdatert 14.04

Forlenger lokal forskrift tom 14. april - oppdatert 14.04

Frå 15.april gjeld dei nasjonale reglane for koronatiltak. Regjeringa varsla i går, 13.04.21, at nye reglar vert gjeldane frå fredag 16.04.21

Kriseleiinga i Sykkylven kommune har i møte fredag 09. april, vedtatt å forlenge den lokale forskrifta til og med onsdag 14. april. Dette i påvente av nye nasjonale føringar og tiltak, som er meldt å kome då.

Kriseleiinga har teke utgangspunkt i at også vi er ein del av den tette bu- og arbeidsmarknaden i Ålesundregionen.

Det er lite kjent smitte i Sykkylven kommune per i dag, og smittesporingsteamet har god kontroll.

Når det likevel er bestemt å forlenge varigheita for den lokale forskrifta er det begrunna slik.

  • vi framleis er usikre på effekten av auka reising i samband med påska
  • der er fleire pågåande utbrot i kommunane rundt oss
  • Ålesund, Sula og Giske har bestemt å forlenge si lokale forskrift 
  • R-talet i Møre og Romsdal er høgt samanlikna med andre

Lokal forskrift  (PDF, 56 kB)

Klikk for stort bilete