Forskerfabrikken søker inspirerande og engasjerte kursleiarar i Sykkylven til årets Sommerlab

Forskerfabrikken søker inspirerande og engasjerte kursleiarar i Sykkylven til årets Sommerlab

Klikk for stort bilete Forskerfabrikken  Som kursleiar på Sommerlab rettleier du barn gjennom alt frå spennande eksperiment til morosam fysisk aktivitet. Målet er å vekke barna si interesse for real- og teknologifag og bidra til at dei føler meistring i desse faga.

Kurset er for barn som skal starte i 5.-7. trinn i august dette året.

Til å leie undervisninga søker Forskerfabrikken inspirerande og engasjerte kursleiarar til sommarskular landet over. Særskilt realfagsstudentar eller elevar som har hatt realfag på vidaregåande skule vert oppfordra til å søke, men lokale naturfagslærarar kan også vere aktuelle.

Dersom du synast dette høyrast ut som ein artig jobb, oppfordrer Forskerfabrikken deg til å klikke på lenka under og sende inn søknaden din.

Kurset skal gjennomførast måndag - fredag i veke 31 (2.- 6. august) på Ullavik skule. Les meir om Forskerfabrikken og Sommerlab

Om du vil søke på stilling, gå inn på denne lenka: https://www.forskerfabrikken.no/bli-kursleder/ledige-stillinger/ og trykk på stillingsutlysinga.

Søknadsfrist: Snarast