Forslag til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026

Kommunedirektøren presenterte mandag 07. november framlegg til budsjett for Sykkylven kommune.

Du kan lese dokumentet og sjå/høyre presentasjonen via kommuneTV.

Budsjettukast  (PDF, 2 MB)

KommuneTV

Kommune-Norge opplev store endringar, Sykkylven kommune er ikkje eit unnatak. Utfordringane er langsiktige, og vi må forstå dei for å kunne løyse dei. Kommunane har ansvar for tenester vi alle er avhengig av, og auken i talet på eldre gjer at behovet for tenester vil auke. I tida framover vert det viktig å gjere kloke val i det daglege, men også å sjå framover for å gjere oss opp ei meining om kva for framtid vi ønskjer oss, og kva som må til for kome dit.  

Demografiframskriving syner at vi kjem til å måtte greie oss med mindre arbeidskraft generelt i Norge framover. Medan det i 2017 var fire personar i arbeidsfør alder per person over 67 år, vil det i 2060 vere så vidt meir enn to. Konkurransen om dei som skal sørge for forsvarlege helse- og omsorgstenester blir hardare, og dersom vi skal løyse oppgåvene på same måte som i dag, kjem vi i 2040 til å mangle 56 000 med utdanning innanfor helse.

Dei sterke signala frå nasjonalt hald om at budsjetta skal ned har no blitt synleg for alle, og politisk vil handlingsrommet bli opplevd som mindre. Utfordringane med at inntektene går ned er at lovkrav og forventningar ikkje gjer det same. Over tid har dette medført ein ubalanse i økonomien til fleire og fleire kommunar. Gapet mellom det som vert forventa og den økonomiske realiteten er med andre ord for stor.

Både innbyggjarar, politikarar og tilsette i kommunen ønskjer at alle skal få det dei forventar og treng. I åra framover har vi ei felles utfordring kring å formidle denne ubalansen mellom forventningar og tilgjengelege ressursar, og at vi står i vanskelege prioriteringar mellom mange gode føremål. I desse prioriteringane vil det oppstå både dilemma og verdikonfliktar. På den andre sida skal vi formidle ambisjonar om å utvikle smarte og effektive tenester som vil sikre gode velferdstenester til innbyggjarane også i framtida

Budsjettprosessen i år er ekstra utfordrande. Det er globale uro, krig i Europa, energimangel og eskalerande klimaendringar. Dette påverkar utgiftssida i form av renteauke og prisstiging.
Lokalt formidlar fagfolka våre auka behov grunna nye utfordringar og oppgåver som må løysast. Dette er dyktige og dedikerte fagfolk med store ambisjonar for utviking av tenestetilbodet, noko som er positivt og syner at vi har eit høgt ambisjonsnivå og stor vilje til å gje best mogeleg tenester til innbyggjarane i Sykkylven. Dei same fagfolka vert no utfordra på å formidle til innbyggjarane våre, som dei møter dagleg, at krava må senkast og at vi ikkje kjem til å kunne gi dei same tenestene på same måte som før.

Vi må jobbe smartare, seies det. Ei hovudoppgåve framover er å setje ord på kva dette betyr i praksis. Sykkylven kommune har allereie tatt nokre smarte val i rett retning. Å jobbe smartare kan handle om ulike ting. Mellom anna å etablere ein skule- og barnehagestruktur som gjev stordriftsfordelar. Å utvikle bustadar som gjer at eldre meistrar eigne liv lenger, og slepp å bli institusjonspasientar tidlegare enn naudsynt. Ta i bruk teknologi som frigjer menneskelege ressursar, som skaper tryggleik, meistring og auka livskvalitet.
Ein viktig suksessfaktor framover vert også å styre innsatsen mot førebyggjande tiltak som på sikt vil redusere behovet for dei meir kostnadskrevjande tenestene. Samarbeid med frivillige, pårørande og innbyggjarar generelt kjem også til å verte sentralt for kommunale tenester i åra framover.
Når prioriteringane er vanskelege er det lett å hamne i ein diskusjon kring lovpålagte og ikkje-lovpålagte oppgåver. Kommunedirektøren vil her understreke at dei aller fleste tenester har ei lov å relatere sin teneste til. Dei fleste lovene er vel og merke ikkje absolutte. Dette betyr at det må utøvast skjønn når tenestene skal gjevast innhald. Dette betyr å tilby tenester med rett innsats på rett nivå. I dette biletet kjem av og til diskusjonen om lovpålagde eller ikkje lovpålagde tenester til kort, då den ofte bidreg til å overforenkle ei kompleks problemstilling kring kva som er dei kloke vurderingane kring bruk av ressursar til det beste for innbyggjarane på kort og lang sikt.   

Budsjettprosessen syner at tenestene har store omstillingskrav i 2023. Einingsleiarane har arbeidd intenst og i tett samarbeid med sine tilsette og sine kommunalsjefar for å finne alternative løysingar for korleis vi skal gi gode tenester til innbyggjarane til reduserte kostnadar og til god kvalitet. Utfordringane er av ein slik storleik at ein ikkje kan forvente at dei skal handterast av dei ulike einingane kvar for seg. Forsvarlege tenester også i framtida krev strukturendringar og omorganisering. Fleire slike endringar er allereie iverksett i kommunen og vil bidra til reduserte utgifter i framtida. Ytterlegare omstilling må likevel til dersom vi skal få nødvendig effekt.

Vi lever i ei tid med skiftande føresetnadar og komplekse utfordringar. Denne usikkerheita gjer at omgjevnadane vert mindre plan- bare.  Det å lage fasiten for neste år gjennom å vedta ein budsjett- økonomiplan er ikkje lenger eit godt nok verktøy for styring.
Dei ustabile rammevilkåra gjer at vi treng ein meir dynamisk styringsmodell basert på tett dialog, justeringar og fortløpande val. Den tradisjonelle måten å budsjettere på vider seg å kome til kort i ei tid er føresetnadane endrar seg hyppigare og har større konsekvensar enn før.  Med bakgrunn i dette foreslår kommunedirektøren at det vert vedtatt ramme på nokre samleområde og ikkje på einingsnivå. Dette skaper større fleksibilitet og er også naturleg med bakgrunn i den varsla prosessen med å endre organisasjonsstruktur med påfølgjande budsjettrevisjon tilpassa nye organisatoriske einingar.  

For å framleis ha stø kurs i skiftande omgjevnadar er det viktig å peike ut ei tydeleg retning. Det er difor nedfelt nokre overordna styringsprinsipp som kommunedirektøren foreslår å arbeide mot. På alle nivå i organisasjonen skal der fortløpande identifiserast tiltak som understøtter desse prinsippa. På denne måten vil Sykkylven kommune kunne tilby gode tenester til innbyggjarane også i framtida.

Prinsippa som vert foreslått for budsjett- og økonomiplanperioden er:  

Overordna prinsipp for omstilling til berekraftige tenester til innbyggjarane i Sykkylven kommune

Vi nyttar dei samla ressursane rett og rettferdig til det beste for alle innbyggjarar. 

Strukturendringar kan bidra til dette. Større skular, samlokaliserte bufellesskap osv. Dette vil bidrar til at vi når fleire med dei ressursane vi har.

  • Vi tildeler tenester målretta og avgrensa for å sikre at vi rettar innsatsen mot der det har mest effekt. Kortare og meir avgrensa tilbod til enkeltpersonar vil sikre at fleire får glede av det vi har av samla ressursar.
  • Vi er tidleg ute med førebyggande tiltak. Vi legg til rette for at innbyggjarane meistrar eige liv så lenge som mogeleg. Dette vil utsetje dei meir inngripande og ressurskrevjande tiltaka. Tidleg innsats samarbeider vi om med frivillige, pårørande og næringsliv. Vi har ein bustadpolitikk og eit investeringsprogram som støttar opp om dette.  
  • Vi tenkjer klima og miljø i alt vi gjer: arealeffektivitet og sambruk, energisparing og ressurssparing generelt, og vi nyttar innkjøpsstrategien vår til å påverke positivt.
  • Vi endrar organisasjonen i takt med nye behov. Vi skal til ei kvar tid ha ein organisasjon med tydelege roller og ansvar, som reduserer sårbarheit og sikrar heilskapstenking, og som er tilpassa kommunen sin økonomi.