Framdrift vaksine - Covid 19

Framdrift vaksine - Covid 19

Kommunen har tilgang på to ulike vaksiner.

Pfizer/BioNTech for dei over 65 år.

AstraZeneca for dei under 65 år.

Dette medfører at ulike aldersgrupper blir kalla inn til vaksinering samtidig.

Kommunen gir vaksine same dag som vi mottar dei. Det gjer vi for å unngå forsinkelsar.

Vi er godt budd, og har kapasitet til å vaksinere mange.

Den første  - Klikk for stort bileteKoronavaksine Buas Lillian Urtegård    

Lite tilgang på Pfizer/BioNTech vaksine ( over 65 år)

I veke 8, 9 og 10 har kommunen berre fått Pfizer/BioNTec vaksiner til 2. dose.

Vi har difor fått ein forsinkelse på 3 veker i vaksineringa av gruppa mellom 75-84 år.

Alle i denne gruppa skal ha Pfizer/BioNTech vaksine

I veke 11 får vi ny forsyning med Pfizer/BioNTech vaksiner. Vi vil då gå vidare og kalle inn til dose 1 der vi stoppa for 3 veker sidan. Innkalling skjer alfabetisk.

Alle desse får innkalling på sms frå tlf nr 26199.

Etter veke 11, er det om lag 200 personar att å vaksinere i denne gruppa.

Vi ber alle om å vere tolmodig i ventetida. De får melding så snart det blir dykkar tur. 

 

Tilgang på AstraZeneca vaksine ( under 65 år)

I veke 8 starta vi opp med AstraZeneca vaksine til helsepersonell.

Frå veke 10 får innbyggjarar i risikogrupper, under 65 år, tilbod om vaksina.

Alle i risikogruppene får innkalling på sms frå tlf nr 26199.

Alle i risikogruppene er klarert frå fastlege. 

Fastlege i anna kommune og i risikogruppe under 65 år? Om du har fastlege i anna kommune må du legge ved dokumentasjon på at du er i risikogruppe under 65 år.

Registrer deg her