Fugleinfluensa - Innføring av portforbod for fjørfe

Mandy Häger  

Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa i Noreg, Sverige, Danmark og fleire andre land i Europa denne hausten. For å hindre smitte til tamme fuglar har Mattilsynet innført portforbod for fjørfe i delar av landet, blant anna Møre og Romsdal. Portforbodet gjeld også for økologiske fjørfe. Eit portforbod inneber at alle tamfuglar skal vere innandørs eller eventuelt under tak.  

Dersom du driv med hobbyfjørfehald i risikosonen må du registrere dyrehaldet ditt hjå Mattilsynet (Møre og Romsdal er definert som risikoområde). 

Fugleinfluensaen er fyrst og fremst ein risiko for fuglar, og ikkje for menneske. Risikoen for smitte til menneske vert av Folkehelseinstituttet vurdert som svært låg.

Meir informasjon om saka finn du på Mattilsynet sin heimeside.  

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post