Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Gjenopning av barneskulane for 1.-4. trinn mandag 27. april

Gjenopning av barneskulane for 1.-4. trinn mandag 27. april

Barneskulane i Sykkylven kommune har dei siste dagane arbeidd med smittevernrutinar og planar for å opne 1. - 4.trinn frå mandag 27.april. Både kommunale og private barneskular kjem til å opne frå denne datoen. 

Vi reknar med at mange elevar på småskuletrinnet no gler seg til å treffe igjen klassekameratane sine - etter å ha vore heime i fleire veker. For 5.-10. trinn gjeld inntil vidare ordninga med opplæring via heimeundervisning, men det går vonaleg ikkje altfor mange veker før også desse elevane kan kome i relativt ”normal" gjenge.

Les meir om smittevernrettleiaren.

Smittevernarbeid vil, på same måten som i barnehagane, vere sentralt på skulane i tida framover. Det betyr at opplæring og organisering på skulen vil ha eit litt anna preg enn det vi  kjenner til frå tidlegare. Skuledagen vert ikkje som før covid-19! 
Samhandling mellom elevar, mellom tilsette og mellom tilsette og elevar vil måtte følgje nye reglar, og vi må også involvere føresette i dette arbeidet. Ikkje minst gjeld dette i høve til arbeidet med smittevern.
Smittevernet i skulane vil ha følgjande fokusområde:


•         God hand- og hostehygiene
•         Godt reinhald
•         Redusert kontakt mellom personar
•         Tidleg isolering av sjuke
 
Dette betyr at det må brukast tid på å øve inn hygiene- og reinhaldsrutinar både heime og på skulen.
I tillegg skal ingen born eller vaksne vere på skulen eller i SFO dersom dei er sjuke.
Dersom det er slik at føresette vurderer å halde barnet heime pga alvorleg sjukdom/utsett risiko hos barnet eller familiemedlemmer, vert det krevd legeattest. Rektor skal kontaktast og legeattesten leverast så snart som mogleg.
 
Samla opningstid for skule og SFO kan bli noko redusert i høve til før Covid-19, for at skulane skal kunne organisere seg i tråd med smittevernrettleiaren. Men tidspunkta for start og slutt av sjølve skuledagen, kjem til å vere som tidlegare.
 
Opningstida for SFO vil også kunne vere litt ulik frå skule til skule, og vil kunne endre seg i løpet av resten av skuleåret, alt etter kva erfaringar vi gjer oss ut i frå den spesielle situasjonen vi er i.
Kvar enkelt skule vil informere sine føresette om kva opningstider og organisering som gjeld.
 
Skuleskyssen vil gå omtrent som vanleg for 1.-4. trinn, men smittevernrettleiaren rår til at bruk av offentleg transport til og frå skulen vert avgrensa så mykje som mogleg. Av smittevern- og plassomsyn er det difor best dersom eleven kan gå, sykle eller verte køyrd av foreldre til skulen. 

Les meir om Rettleiar for transport av passasjerar (m.a. skulebuss)

Rettleiaren gir råd om korleis borna bør sitje i bussen, og seier også at elevane må halde ein meters avstand medan dei ventar på bussen. Det kan kome endringar på skuleskyssen, dersom det viser seg nødvendig. Heimane vil då få beskjed om det frå rektor ved kvar enkelt skule.
 
Dei same smittevernreglane som gjeld i skulen, gjeld også i SFO. Truleg vil mykje av aktiviteten i SFO vere utandørs i perioden framover våren.
 
Sjølv om skulane og barnehagane har høve til å organisere ei normalordning med kortare opningstider enn vanleg for å overhalde smittevernkrava, skal det fortsatt kunne leggast til rette for foreldre i samfunnskritiske funksjonar og foreldre med barn med særlege behov. Kor omfattende tilbodet ut over den reduserte opningstida kan vere, må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Dei foreldra som har behov for slik tilrettelegging må ta kontakt med rektor/styrar ved sin skule/barnehage.