Gjerde kring eigedom på Fjellsetra, og bandtvang

Har  du hytte i områda kring Nysætervatnet, og har tenkt å nytte ferien til å gjerde inn eigedomen din ?

  B.H.  

Berre mindre områder kan gjerdast inne. Dette gjeld i område kor beitedyr kan forårsake ulempe og skade på eigedommen. Der kan det tillatast inngjerding av maksimalt 200 m2 av tomta ved inngangsparti, og mindre uteplassar. Nokre stader ved stølane er denne grensa på berre 100 m2.

  • Kommunen vil seinare i år gjennomføre tilsyn, og via dette eventuelt kome til å  krevje det ulovlege gjerde fjerna.  I tillegg til det bortkasta arbeidet, kan det i verste fall ende opp med bøtelegging.
  • Hugs også at det ikkje er tillate å nytte elektrisk gjerde, eller gjerde med utforming/material som kan vere til skade for beitedyr. Gjerde skal tilpassast bygningane på tomta og utformast på ein diskre måte.
  • Inngjerdinga skal heller ikkje hindre allmenn ferdsel til grøndrag, frilufts- eller turområde.

Vi minner også om at det no er bandtvang. Så hald kontroll på hunden din. Det gjer det tryggare og trivelegare både for folk og dyr.

La fjellet og naturen vere ein god plass å vere for alle !

Sau B.H.