Aktuelt

26.08.2022 10.50

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

ENØK 1 Simenergi  

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

 

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Sykkylven kommune deltek i fylkeskommunen si satsing og gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar.

Hensikta er å motivere boligeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette gjeras gjennom bruk av energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolering av vegger og tak
  • Byting av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe eller solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis han skal brukast.

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpa deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalenderen for å finne ledige tider.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune med omlag 10 gratis rådgivingar pr kommune.

 Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.

Prosjektleder Nicolai Dirdal i Simenergi AS: mobil 92858016 epost: nicolai@simenergi.no  

Enøk2 Simenergi