Har du behov for å prate med nokon?

Sykkylven kommune er ei "Av-og-til" kommune. 

Dei bidreg med ei god oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med om rus og psykisk helse.  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

– No er vi i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda er stengde og dagleglivet har endra seg drastisk. Vi blir tvinga til å vere mykje meir heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før, vil få det endå vanskelegare no. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven kommune.

– Vi må mobilisere for dei barna som ikkje har det trygt heime, og eg håper og trur at alle kommunar har dette høgt på agendaen no, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

Til deg som er ung

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakke med nokon du stoler på. Sjølv om skulen er stengd, er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg.

Det finst òg andre alternativ for deg som treng nokon å snakke eller chatte med. Vi har samla nokre av dei her:

Våre lokale helsesjukepleiarar 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som blir utsett for vald eller overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan òg ringje dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111, du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen.

BaRsnakk

BaRsnakk er eit chattetilbod til deg som har foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag 17.00–20.00, og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.

Kors på halsen

Kors på halsen er eit tilbod til deg under 18 år og er bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringje, chatte eller sende e-post. Du kan ringje 800 333 21 måndag til fredag 14.00–22.00. Du kan òg snakke med andre på din eigen alder på forumet.

Snakk om psyken

Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9 og 19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag til torsdag 09.00–21.00, fredag 09.00–15.00 og søndag 15.00–21.00.

UngPrat.no

Ungprat.no er ei samtaleteneste for barn og unge mellom 13 og 24 år som treng nokon å prate med. Opningstidene er søndag til fredag 09.00–21.00. 

Ung.no

Ung.no er ein stad der helsepersonell svarer på alt det unge lurer på. Ung.no har stor pågang frå engstelege unge som har behov for kvalitetssikra medisinsk informasjon. Ung.no blir drifta av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, og er statleg. 

Til deg som er bekymra for eit barn                 

Når samfunnet stengjer ned, mister barna våre kontakten med nettverket dei har gjennom barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og rettleiing:

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale nødnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn, kan ringje alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell, og du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen.

Voksne for Barn

Voksne for Barn tilbyr ei rådgivingsteneste for deg som har spørsmål om barn og unge. Du kan sende inn spørsmål skriftleg og få svar frå ein fagperson.

Barnevernet

Barnevernstilsette er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernsvakter og barnevernstenester i alle kommunar og om korleis du melder bekymring til barnevernet.

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for både barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller dersom du treng hjelp for å vere ein god forelder, finst det fleire gode tilbod til deg.

Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123

Hjelpetelefonen er ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.

Kirkens SOS

Her kan barn, unge og vaksne ta kontakt dersom dei treng nokon å snakke, melde eller chatte med. Du kan ta kontakt på tlf. 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er open alle kvardagar 18.30–22.30. Du kan vere anonym.

Foreldresupport

Foreldresupport er ei døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp og rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Tenesta blir driven av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).

Vold- og overgrepslinjen 116 006

Vold- og overgrepslinjen er ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.

Anonyme Alkoholikere (AA)

Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap der kvinner og menn deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for å løyse eit felles problem og hjelpe andre med å bli friske frå alkoholisme. Du kan ringje 911 77 770 måndag til fredag (11.00–15.00 og 18.00–22.00) og laurdag til søndag (18.00–22.00).

Rådgivingstelefon for pårørande

Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse og rus tilbyr rådgiving om rettane og behova til pårørande og informasjon om hjelpeapparatet. Du kan ringje 22 49 19 22 på måndag til fredag (10.00 – 15.00, tysdag 11.00 – 19.00). Dei har òg ein chat for unge, Ungchat.

    AvogTil