Har du helsefagleg utdanning og erfaring, men jobbar med andre oppgåver i dag?

Då ønskjer vi at du registrer deg hjå oss.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

I første omgang ønskjer vi å få ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell.

Vi søkjer deg som har utdanning eller praksis innan fagområdet.

Om vi skulle kome i ein situasjon med mangel på personell, tar vi direkte kontakt med deg.

Registrering av helsepersonell - oppslysningar vi har behov for

Send opplysningar på epost til postmottak@sykkylven.kommune.no

--------------------------------------------------------------------------------

Akkurat no har helsepersonell eit særleg ansvar med å prøve og halde seg frisk. Det betyr å følgje Helsedirektoratet si anmodning om å halde seg mest mogeleg for seg sjølv, med unntak av husstandsmedlemmar. Dette er også vår anmodning. Sidan smitte av covid-19 no er i befolkninga, er dette ekstra viktig, og vi ser at reglane for kven som ikkje kan møte på jobb endrar seg fort. Dette gjer helsevesenet ekstra sårbart, og det krev at alle gjer sin del av denne felles dugnaden.

Skal du arbeide i Sykkylven kommune som helsepersonell, anmoder vi at du følger Sykkylven kommune sine reglar for tilsette  i kommunen, for å redusere smitterisikoen for koronavirus. Dette gjeldr allereie frå du registrerer di interesse hjå vår kommune.