Har du plass til eit ekstra barne eller ungdom i familien din?

Har du plass til eit ekstra barne eller ungdom i familien din?

Vi har behov for fleire familiar som kan vere avlastningsheim.  Barn med ekstra utfordringar er som alle andre barn. Forskjellige. Felles for alle barna/ ungdommane er behovet for vaksne som kan gi dei tryggleik, omsorg, kjærleik og ein forutsigbar kvardag.

Familiar med barn med ulike utfordringar er stort sett som andre familiar.  Men dei har eit barna som krev ekstra oppfølging i kvardagen. Det gjer at foreldra ofte treng eit pusterom for å kunne ta vare på seg sjølv, familieforholdet  og andre barn i familien. 

Å være avlastningsheim  er å ta imot eit barn eller ein ungdom. Det kan vere ein eller fleire helgar per månad, ferier  eller ein fast ettermiddag i veka. Omfanget av avlastning vert gitt ut frå  foreldra sine ynskjer og behov.

Tilbodet om avlastning vert gitt som eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særlig tyngande omsorgsoppgåver.

Avlastningsheimen skal ikkje erstattar barndomsheimen hos dei biologiske foreldre. 

De vert ikkje stilt noko krav om formell utdanning. Det lagt størst vekt på  personleg eigenskapar. Du/de kan gjerne ha eigne barn.

Det vert kravd politiattest frå den/dei som tek på seg oppgåva.

Det vert utbetalt arbeidsgodtgjersle og utgiftsdekning etter KS' satsar.

KS har rettleiande  satsar for fosterheim og besøksheim som vert  regulert kvart år. Utgiftsdekninga er  forskjellig ut frå alderen på barnet, mens arbeidsgodtgjersla i utgangspunktet  er lik.

Ta kontakt med  Anita Kjersheim på tlf. 91898752 eller på  e-post anita.kjersheim@sykkylven.kommune.no for nærmare spørsmål og samtale .

Klikk for stort bilete

Kontakt

Anita Kjersheim
Koordinerande eining
E-post
Telefon 70 24 65 53
Mobil 918 98 753