Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Helsestasjonen skal no gradvis tilbake i normal drift

Helsestasjonen skal no gradvis tilbake i normal drift

Det vil bli god avstand mellom konsultasjonane for å hindre oppsamling av folk på venterommet.

Vi ber om at de som har blitt oppsett til konsultasjon møter presis til timen og ikkje i god tid.

De får då kome rett inn på kontoret til helsesjukepleiar eller jordmor.

Det er viktig å presisere at generelle smittevernråd framleis gjeld. Vi ber om at alle vaskar hendene/brukar handsprit, før de kjem inn på helsestasjonen.

Barn som har time på helsestasjonen bør helst møte med berre ein føresett og helst ingen søsken.

Ta med eigen leike til barnet, då vi har fjerna alle leikene for å redusere smittefare.

Vi ber særskilt om at familiar der barnet sjølv, eller nokon i husstanden som sjølv har milde symptom på forkjøling, IKKJE møter på helsestasjonen.

Barnet kan bli satt opp til ny time etter at det har vore symptomfri i eit døgn.

Om du ikkje har timeavtale ber vi deg ta kontakt per telefon på førehand. Vi har ikkje opna for drop-in tilbod.

Kontaktinfo til helsestasjon småbarn 

Kontaktinfo til jordmor 

Helsestasjon for ungdom opnar 30.april. Vi har ikkje drop-in tilbod og opnar kun for avtalte timar.

Kontaktinfo til helsestasjon for ungdom

Når skulane no starter opp igjen, vil helsesjukepleier vere tilstade på skulene. Kontaktinfo til skulehelsetjenesta

Vi ønsker deg velkommen tilbake til helsestasjonen og vil bidra til at dette er ein trygg plass å vere.