Helsing frå ordføraren

 Kjære sambygdingar

 No er vi inne i ei uverkeleg tid og kvardagen vi vakner opp til er annleis og krevjande for oss alle.

Dramatiske tiltak er sett i verk, i håp om å redusere spreiinga av korona-viruset.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Eg er stolt av alle dykk som tek del i denne dugnaden, i solidaritet med dei eldre, dei kronisk sjuke og andre som er utsett for alvorleg sjukdom.

Så langt har vi ikkje registrert smitta personar i Sykkylven, men vi har hatt personar i heimkarantene. Trass i at vi enno ikkje har registrerte smitta i kommunen, legg situasjonen likevel beslag på og press på viktige ressursar innan helse og omsorg.

Det vil merkast at vanleg kommunal tenesteproduksjon er begrensa.

Fleire tilsette er omdispondert til anna arbeid inn mot helse og omsorg, og dette er dei både motiverte og innstilt på.

Skulane klarer å gjennomføre undervisninga digitalt.  Både skule og barnehage har tilbod til barn som har foreldre i samfunnskritiske jobber eller som av andre årsaker må får eit tilbod når skule og barnehage er stengt.

Når krisa først har ramma, er det flott å sjå at våre kommunalt tilsette tek ansvar.

Det er viktig at vi alle no står saman og følgjer råda og pålegga som vert sett i verk både nasjonalt og lokalt.

På kommunen si heimeside finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon, både lokale tiltak og informasjon om nasjonale tiltak og pålegg.

Råda vi får, kan også føre til avstand. Vi skal ikkje møtast eller ha nært fellesskap. Sosiale arenaer er stengt og mange er kanskje åleine og føler sterkt på dette.

Eg oppmoder alle om å vise omsorg,  ta ein telefon eller send ei melding.  Nokon treng kanskje berre ein liten prat, for å føle seg tryggare.

For næringslivet vårt er også dette ei særs utfordrande tid, og som kan får store og alvorlege konsekvensar. Dette er både trist og vanskeleg å handtere.  Det er sett i verk nasjonale virkemiddel, og eg håper desse vil vere til hjelp.

Eg oppmoder alle som kan, å støtte opp om og bruke dei lokale næringsverksemdene våre. Mange strekker seg langt med tilbod også om heimlevering.

Mange er dessverre også permittert eller fått perminteringsvarsel som følge av krisen. NAV har sett i verk fleire tiltak og gjer sitt beste for å følgje opp på ein god måte. Sykkylven kommune og Sykkylven Næringsutvikling fylgjer nøye med om det kjem tiltak frå regjeringa næringslivet kan gjere seg nytte av framover.

Som ordførar er det viktig for meg å seie at Sykkylven kommune gjer det vi kan for at de som innbyggarar skal vere trygge. Kriseleiinga følgjer situasjonen nøye, dagleg vurderer behov for tiltak og kva ressursar som må til for å trygge innbyggarane. Viiktig informasjon vert spreidd  gjennom lokalavisa, heimesida til kommunen og Facebook. Vi har på vår heimesida lagt ut informasjon om ulike tenester innbygarane kan nytte seg av, om ein har behov for nokon å prate med i ei vanskeleg tid.

Takk og ros til alle for innsatsen som vert lagt ned. For alle små og store tiltak som vert gjort, av helsepersonell, butikktilsette, reinhaldarar, foreldre som deler dagen mellom heimearbeid og pass og oppfølging av barn, frivilligheita som kreativt finn løysingar for å hjelpe andre -  og av alle andre.

Med felles innsats skal vi møte og løyse utfordningane som står framfor oss.

Odd Jostein Drotninghaug, ordførar