Helsing jula 2022

Helsing jula 2022

Tida til jul, og det at vi kan gå inn i eit nytt år, nærmer seg raskt. Vi har lagt bak oss 2 år som vart langt annleis enn oss var budd på. No har det heldigvis roa seg ein del rundt pandemien, sjølv om det kan vere lurt å ta med seg fleire av dei gode rutinane oss lærde, då viruset vil nok vere rundt oss ei lang stund til.

Så skjedde det oss ikkje trudde skulle kunne skje i det -20 år hundre. Det vart igjen krig i Europa og mange frå Ukraina har måtte flykta frå krigshandlingane. Sykkylvingane har lange tradisjonar med å ta imot folk som har flykta frå heimlandet sitt. Vi vart utfordra til å ta imot heile 130 flyktningar, ei utfordring kommunestyret tok. Til no er det kome om lag 80 personar, som er 4-5 gangar så mange som vi normalt tek imot. Eg må gi ei stor ros til tilsette i kommunen og frivillige som har stilt opp for å hjelpe til. Det at frivillige har engasjert seg, har vore heilt avgjerande for at Sykkylven kunne ta mot så mange som vi har gjort. Den største utfordringa framover vert å finne nok husvære til nye som vil kome, men vi må berre jobbe vidare for å finne gode løysingar.

Krigen har og ført med seg mange andre utfordringar, med energimangel i deler av Europa og høge prisar på energi. Dette har vi igjen fått merke i vårt land, med prisauke på mange varer og auke i renter. Dette har igjen resultert i nedgang i etterspørselen etter møbler og ein del andre varer, som fleire av bedriftene i vår kommune produserer. Vi får håpe dette snurt raskt og bedriftene klarer å nytte tida for å styrke bedriftene på andre måtar. Fleire har søkt på næringsfondet og dei kommunale omstillingsmidlane vi no har, men det er mogeleg for enda fleire å søke. I 2021 brukte vi om lag 5,4 million i denne satsinga, inkludert midlar vi fekk utløyst frå Innovasjon Norge og andre ordningar. Nyleg kom og nyheita om at vi har fått status som næringshage under Rauma si satsing, Nordveggen.  Dette vil og vere med å gi enda fleire mogelegheiter for næringslivet.  

Den 30. august 2022 er ein dag eg håper vi vere i minnebøkene til mange sykkylvingar i åra som kjem. Kongen og Dronninga kom til Sykkylven, og vart møtt av eit folkehav som imponerte dei kongelege gjestane stort! Eit fantastisk ramme med nydeleg ver, fleire tusen frammøte og eit program det var øvd på lenge, gjorde at dagen blei ein heilt fantastisk. Tusen takk til alle som møtte opp og ei spesiell takk til alle som hadde oppdrag på scena eller i planlegginga!

Budsjettet for kommunen vår og mange andre kommunar, vert svært stramt for 2023. Dette har gjort at det vert raskt påstarta eit arbeid der ein ser på korleis ein har organisert heile den kommunale drifta. Det er om lag 15 år sidan ein sist hadde ein så grundig gjennomgang, og det nok på sin plass å ta ein slik gjennomgang no. Dette kan gjere at fleire tilsette kan føle det litt usikkert ein periode, samtidig må oss også tenke at det kan opne seg opp nye moglegheiter.

Vi har mykje å gle oss til i 2023. Året vil starte med at Sykkylven får seg eit heilt nytt bibliotek, og denne gangen på gateplan. Dette vil bli veldig spanande, gi ei heilt anna funksjon enn det tidlegare har hatt. Eg trur dette vil bli ein ny og flott samlingsplass både for uformelle møter og arrangement. I løpet av sommaren vil og uteområdet bli oppgradert, og målet er at dette også skal bli ein fin samlingsplass i sentrum.

Til hausten får vi og ny sentrumsskule. Dette vil gjere at tilsette og born, vil få eit moderne bygg med alle kvalitetar eit bygg skal ha i dag. Den vil ha masse gode funksjonar både inne og ute, som vi kan nytte og utanom skuletida. At vi får ein ny idrettshall, vil heilt sikkert dei som driv med hallidrett sjå fram til. Etablering av musikk- og kulturskulen i same bygget, håper vi vil vere med å styrke vår posisjon som ei musikk- og kulturkommune, og at enda fleire vert med på denne aktiviteten.

I september er det kommune- og fylkestingval. Vil skal velgje kven som skal sete i kommunestyra og fylkesting rundt om i landet. Vi er heldig som har eit demokrati som mange andre land misunner oss. Eg håper folk stiller seg til disposisjon for dei ulike partia.

I år vert det igjen julefeiring på Fønix huset for dei som på julaftan kan tenke seg å vere saman med andre. Tusen takk til dei som stiller på denne dagen for å få til dette arrangementet! Markering av nytt år med fyrverkeri frå Sykkylvsbrua for 5. året på rad, ser ut til å bli ein fast tradisjon, men er avhengig av bidrag frå enkeltpersonar, kommunen og bedrifter for å få det til. Håper dei som har høve til det, gir eit bidrag.

Til slutt vil eg ynskje alle ei God Jul og eit Godt nytt år !

 

Odd Jostein Drotninghaug 
Ordførar i Sykkylven

Vinterbilete frå Sykkylven  - Klikk for stort bilete Sveinung Vemøy