Høbben - invitasjon til workshop for ungdom 13-20 år

Høbben - invitasjon til workshop for ungdom 13-20 år

Oppstartsdato for Høbben er 15.09.2021. SIL ønsker å involvere målgruppa både før og etter oppstarten i planlegginga rundt drift, utvikling og aktivitetsinnhald i tilbodet. 

Her er det viktig for SIL å få ungdom si innsikt og deira innspel. Det vert lagt opp til to workshops med maksimalt 15 deltakarar pr. workshop. Datoar: 10.06 og 17.06 frå 19:00-21:00. Møtet vert anten halde digitalt eller fysisk på klubbhuset eller i vestibyla på Storhallen. Dette vil vere avhengig av Covid-19 - situasjonen og vil bli informert om i forkant av møta. 

Påmeldingsskjema finn de her. Her finn de også meir informasjon om kva innhald workshopen vil ha. Det vert servert pizza og brus. Sidan det er sett ei grense på 15 personar pr. gong, er det viktig å vere kjapp i påmeldinga! 

Klikk for stort bileteVolleyballbana Bjørnar Midtbust