Aktuelt

14.01.2022 16.00

Hovudopptaket i barnehagane har starta

Hovudopptaket i barnehagane har starta

Hovudopptaket i barnehagane opna 20. desember. Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for dei som ønskjer oppstart frå hausten 2022.

Søknadsfrist: 1. februar 2022

Alle barn som er fødd før 1. desember 2021 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket. Det er samordna opptak for private og kommunale barnehagar.

Søknadane skal sendast inn elektronisk via «Foreldreportalen» i Visma Flyt Barnehage. Du finn lenka ved å gå til «Barnehage» på kommunen si heimeside, og vidare til portalen der du kan søke barnehageplass. Her finn du også annan nyttig informasjon.

Søknadar som kjem inn etter 1. februar vil ikkje bli handsama i hovudopptaket, men ved supplerande opptak i etterkant.

Desse må søkje:

  • Barn som ikkje har barnehageplass
  • Barn som står på venteliste no
  • Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

 

Foreldreportalen:

Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten. Når du skal registrere eit barn første gong klikkar du på «Legg til barn». Det er viktig at alle namn, adresser og personnummer vert registrert korrekt. Dette fordi Visma Flyt Barnehage er knytt opp mot Folkeregisteret. Når søknaden er sendt vil du motta ei stadfesting via e-postadressa som du har oppgitt i søknaden.

 

Hovudopptaket gjeld for barn som skal starte opp i august 2022. Barn som er fødd i september, oktober eller november 2021 har rett til å vente med oppstart til den månaden barnet fyller eitt år. Husk å registrere ønska oppstartdato i søknaden.

 

Vi oppmodar søkjarane om å registrere flest mogleg aktuelle barnehagar i prioritert rekkefølgje ved utfylling av søknadsskjema. I tilfelle du ikkje får tilbod i tråd med ditt/dine hovudønske, aukar du då sjansane for å få tilbod i ein annan barnehage som kan vere aktuell for deg. Du kan uansett velje å stå på venteliste for høgare prioritet, sjølv om du takkar ja til ein plass med lavare prioritet.

 

Dersom du har behov for hjelp til å fylle ut søknaden i Foreldreportalen kan du ta kontakt med Servicetorget (tlf 70 24 65 00) eller rådgjevar barnehage (tlf 482 75 096).