Høyring - ny skulekrins i Sykkylven sentrumVed ein inkurie vart ikkje høyringsnotatet om opptaksområde for Aure barneskule lagt ut på kommunen si heimeside når det vart sendt ut til høyringsinstansane. Den opprinnelege høyringsfristen var fredag 24.februar. Publisert 27.02.2023 13.18 Sist endra 27.02.2023 13.33 For å kompensere for dette, blir notatet no lagt ut offentleg på heimsida, med ein utvida høyringsfrist til onsdag 22.mars. Det betyr også at dei høyringsinstansane som eventuelt ikkje rakk den opprinnelege fristen på 24.februar, også vil få høve til å sende inn sitt høyringssvar innan 22.mars. Dei svara som eventuelt kjem inn, vil bli lagt fram for kommunestyret ved endelege behandling måndag 27.mars. Merknader til høyringa kan du sende til Sykkylven kommune v/postmottak, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eller e-post til: postmottak@sykkylven.kommune.no innan 22. mars 2023. Dokument Høyringsnotat sentrumskrins (PDF, 7 MB) Ny skulekrins for Aure barneskule - førebu høyring (PDF, 2 MB)