Høyring: Reduksjon i rutetilbodet for buss frå 17. august 2020

Høyring: Reduksjon i rutetilbodet for buss frå 17. august 2020

Høyring i samband med ruteendringsprosessen vart gjennomført våren 2019, men grunna vedtak om reduksjon i driftskostnadar må fylkeskommunen no redusere rutetilbodet fleire stader frå 17. august. Vedlagt ligg ei oversikt over kva rutetilbod som eventuelt kan verte endra eller fjerna. 

Trafikknemnda tek gjerne mot høyringsuttalar og sender desse samla til fylkeskommunen innan fristen 10. februar. Send innspela til sekretær for nemnda på e-post monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no 

Samferdsleutvalet skal handsame saka 4. mars. Fylkesutvalet handsamar saka 23. mars. Kunngjering av nye ruter for hausten blir gjort seinast 17. april.

 

Høyringsdokumenta ligg her:

Ruteendringsprosessen 2020 (PDF, 2 MB) - høyring reduksjon i rutetilbodet for buss
 
Endringar lokalt i Sykkylven står på side 7 og 8 i dokumentet "Rutereduksjon buss 2020". 
 
Les også artikkelen i Sunnmøringen.
 

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.