Aktuelt

26.08.2022 10.50

Høyring - ruteendring ferjesambandet Hundeidvika - Festøya

Høyring - ruteendring ferjesambandet Hundeidvika - Festøya

I samband med reopning av ferjekaia på Festøy-vest ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune å gjere rutetabellen for sambandet meir føreseieleg med avgangar kvar heile time frå Hundeidvika, og kvar halve time frå Festøya.

Første og siste rundturen vil avvike frå heil/halv time grunna arbeidsreglementet for dei tilsette om bord. Opningstid og tal på turar er lik dagens tabell.

Tilbakemeldinga frå Statens vegvesen er at landarealet skal ferdigstillast i slutten av august og fylkeskommunen planlegg oppstart av nye rutetider frå 1. september, men med eit lite atterhald om at kaia er ferdig til denne datoen.

Sjå forslag til ruteendring i vedlagte rutetabell.

Utkast til ruteendring for ferjesambandet Hundeidvika-Festøya (L)(144560) (PDF, 372 kB)

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
Rådgjevar skule
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.