Aktuelt

26.08.2022 10.50

Informasjon om 4.dose koronavaksine

Informasjon om 4.dose koronavaksine

Desse kan få 4. dose:

  • Alle over 65 år
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp*. (Dokumentasjon må visast på vaksinestasjonen)
  • Personar i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom*. (Dokumentasjon må visast på vaksinestasjonen). 
  • Gravide 

Det må vere 4 månadar sidan førre vaksinedose. Om du har hatt korona må du vente med vaksine til minst 3 veker etter at du blei frisk. Det er likevel anbefalt å vente 3-4 månadar etter ein har hatt korona for å få betre effekt av vaksina.

Det må gå minst ei veke mellom influensavaksinering og koronavaksinering.

Slik bestiller du time

Du kan bestille time for koronavaksine ved Vitusapotek Sykkylven. Apoteket legg ut ledige timar fortløpande på Helseboka.no. Trykk her for ledige timar og bestilling. Vi oppmodar pårørande og andre til å hjelpe sine med timebestilling.

Har du ikkje moglegheit til å bestille time på nett, kan du ta kontakt med apoteket på e-post sykkylven@vitusapotek.no, eller pr. tlf: 70 25 45 10

Vaksina er gratis. 

​*Risikogrupper

Personar i aldersgruppa 18-64 år

Personar i aldersgruppa 18-64 år med følgande sjukdomar/helsetilstand vurdera ein til å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid19: 

  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift).
  • alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og da særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.

Personar i aldersgruppa 12-17 år

Personar i aldersgruppa 12-17 år med følgande sjukdomar/helsetilstand vurderar ein til å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19:

  • Organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever etc.)
  • Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månadar) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
  • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
  • Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sjukdom/«Fontan-barn»)
  • Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverring som har behøvd akutt sjukehusinnlegging siste året)
  • Annan svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av barnelege.