Informasjon om AstraZeneca vaksine i Sykkylven

Informasjon om AstraZeneca vaksine i Sykkylven

Sykkylven kommune rettar seg etter det sentrale myndigheiter tilrår, og har derfor sett vaksinering med vaksinen frå AstraZeneca på pause inntil vidare.

Det blir no undersøkt om der kan vere samanhang mellom vaksinen og eit dødsfall i Danmark. Det er til no ikkje noko som tyder på det, men det kan heller ikkje utelukkast. 

Når skal lege kontaktast i samband med AstraZeneca vaksinasjon?

 

Klikk for stort bilete Silje Ramstad  

Kven har fått AstraZeneca vaksine i Sykkylven ? 

Det er sett 300 doser av denne type vaksine. I hovudsak er det helsepersonell,  og nokre personar under 65 år som er i risikogruppe som har fått sett denne vaksina.    

Har du tatt vaksine og har spørsmål kan du lese på FHI sine sider, eller du kan ringe tlf  815 55 015.

Vanlege biverknader

Det er viktig å hugse at alle vaksinar som regel har biverknadar, dei er plagsomme, men som regel ufarlege og dei gjeng over i løpet av nokre dagar. Det er rapportert at vaksinen frå AstraZeneca kan gi sterkare biverknader enn til dømes ei vanleg influensavaksine, utan at dei er farlege.

Dei fleste biverknadene oppstår dei første dagane etter vaksinasjonen, og gjeng over i løpet av få dagar:

  • Meir enn halvparten av dei vaksinerte får smerter på stikkstaden.
  • Andre vanlege biverknader er sjukdomskjensle, ein kjenner seg trøytt, hovudverk, muskel- og leddsmerter, frysningar, kvalme og feber.

Under 5% får meir plagsame biverknader som er ufarlege, men som påverkar dagleglivet dei få dagane dei varer.

Du kan lese meir om vaksinen og moglege biverknader på fhi.no (Folkehelseinstituttet)

Kva gjer du om du får biverknader?

Om du likevel opplev å få uventa, kraftige eller langvarige symptom som du trur kjem frå vaksinen bør du kontakte lege eller anna helsepersonell for vurdering og råd. 

Meir informasjon om koronavaksinasjon i Sykkylven kommune finn du her.