Informasjon om krisepakke til idrett, kultur og frivilligheit

 14. april kan frivillige lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkarane kan bruke tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Over heile Noreg har ei rekke arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit blitt avlyst, utsett eller stengt. Krisepakken, ein stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

Det vert opna for søknadar 14. april, men allereie no ligg det mykje god informasjon, rettleiing, spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvalter dei to ordningane.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.

Les meir om desse ordningane på nettsidene www.lottstift.no og www.kulturradet.no

  kulturrådet og lottstift