Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Informasjon om skuleskyss i mai og juni

Informasjon om skuleskyss i mai og juni

Skuleskyssen vert sterkt redusert grunna dei strenge smittevernreglane som gjeld for all kollektivtransport når skulane no opnar opp att. Fylkeskommunen er pålagt strenge smittevernreglar som dei må følgje.

 

Rutene som var sett opp før skulestenginga 12. mars vil gå til oppsette tider, men vil ha halvparten så mange sitteplassar. Dvs. at store bussar berre har plass til 20-23 elevar sidan elevane må sitje på annakvart sete. Søsken kan site saman. Dei to fremste seterekkene er stengt av, og ståplassar kan ikkje nyttast.

Konsekvensen er at elevar som har rett til fylkeskommunal skyss, kanskje ikkje vil få plass på dei bussane som går. Fylkeskommunen har tolka regelverket slik at dei har informert kommunen om at når bussane er fulle, vil dei køyre forbi elevar som står langs vegen. Dei har ikkje kapasitet til at bussane køyrer tilbake for å plukke opp desse elevane etterpå, då same bussane vert nytta på fleire ruter og må vidare.

Dette medfører altså at elevar som har rett på fylkeskommunal skyss, kanskje ikkje vil få denne retten oppfylt framover.

 

Skulane prøver i samarbeid med kommunen å planlegge og legge til rette for at dette i minst mogleg grad skal verte eit problem, men vi er avhengige av at føresette bidreg med køyring av eigne barn eller at borna/ungdommane syklar eller går  i størst mogleg grad.

 

Kommunen er ikkje fornøgd med situasjonen, til liks med nabokommunane som opplever det same. Det er no viktig at vi prøver å løyse denne utfordringa saman.

 

Kvar skule gir nærare informasjon om skuleskyssen.