Informasjon om skuleskysskort frå fylkeskommunen

Informasjon om skuleskysskort frå fylkeskommunen

Fylkeskommunen har hatt utfordringar heile skulehalvåret med at skysskort viser raudt når elevane nyttar kortet på billetteringsmaskina på bussen. Dei beklagar desse vanskane, men opplyser at dei er på god veg til å få oppdatert korta det gjeld. Dette er manuelt arbeid som tek litt tid.

Jorunn Sølvberg, rådgjevar for skuleskyss på samferdselavdelinga, skriv i ein mail datert 13.01.21 at ein del av korta er registrert med feil i systemet. I nokon tilfeller kan det også vere ein teknisk feil i kortet eller feil bruk. Det er viktig at dei får beskjed om kort som lyser raudt, slik at dei kan feilsøke og rette på feilen. Elevar som opplever dette, kan gi beskjed på skulen, så tek skulen kontakt med fylkeskommunen.

Dei opplyser vidare at det framleis er lov å reise med skyssbevis som viser raudt på maskina, men at dei ønsker tilbakemelding på desse korta snarast råd. Sidan skuleskysskorta vert korrigert manuelt, kan det ta eit par dagar før dei vert aktivert og lyser grønt.

I tilfelle der skysskort ikkje kan oppdaterast, skal eleven få nytt kort av skulen.

Svarte kort skal framleis bli inndratt av sjåføren, og eleven må få nytt kort på skulen.