Informerer og inviterer til innspel om Storfjordsambandet

Informerer og inviterer til innspel om Storfjordsambandet

Ordførar Ålesund, Sykkylven og Stranda Storfjordsambandet

Storfjordsambandet har starta arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for samferdselsprosjektet som strekkjer seg ifrå Stranda, via Sykkylven til Ålesund. No inviterer Storfjordsambandet til ei brei involvering på tvers av dei tre kommunane.

Møt opp på Sykkylven Storhall, vestibylen 15.11.22 kl 1800, til Informasjons- og innspelmøte.

Dei overordna måla for realisering av tiltaka slik Storfjordsambandet ser det, er:Å skape ein felles og framtidsretta bu-og arbeidsmarknad for denne delen av Sunnmøre. 

For å kunne sikre ei god gjennomføring av konseptvalutgreiinga er prosjektet avhengig av lokal og regional forankring politisk, i næringslivet og blant folk som bur i området, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.

Storfjordsambandet er eit samferdselsprosjekt som arbeider for ferjefri kryssing av Storfjorden, og vil knytte innbyggarar i kommunane Stranda, Sykkylven, Ålesund og områda rundt tettare saman.

KVU-en skal mellom anna kartlegge og beskrive myndigheiter og andre interessegrupper sine behov og avdekke eventuelle interessekonfliktar.

- Med ein betre tilrettelagt infrastruktur for logistikk av varer inn- og ut av Ekornes, og med tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, vil det være lettare for oss i Ekornes å satse vidare på kompetansebygging, merkevarebygging og produksjon ifrå Sykkylven og på Grodås, seier Lars Wittemann, Supply Chain Director i Ekornes ASA.

Om Storfjordsambandet blir realisert vil det kunne ha verknad på fleire av dei eksisterande og planlagde samferdselsprosjekta i Ålesundsregionen trur Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal.

- Ein ny hovudforbindelse mellom Storfjord og Digernes, vil potensielt skape eit meir attraktivt og mindre sårbart trafikk-område langs fjorden mellom Magerholm og Blindheim, og langs fjorden mellom Magerholm og Valle. Storfjordsambandet vil samtidig kunne ha ein positiv effekt på flaskehalsen mellom Blindheim og Breivika, seier ho.

Stranda og Sykkylven kommunar har vore betydelege bidragsytarar for å få fart på prosjektet dei siste åra. No har også Ålesund kommune satt Storfjordsambandet på agendaen.

- Konseptvalutgreiinga vil vere eit solid grunnlag for å gå vidare i fylket sin beslutningsprosess om samferdselsprosjektet skal realiserast. Derfor er vi svært nøgde med at Ålesund kommune og lokalt næringsliv på tvers av kommunane også engasjerer seg i prosjektet, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven kommune.

- Storfjordsambandet vil knyte regionen tettare saman som ein enno meir attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. Ålesundsregionen har alt å vinne på ei løysing der ein kortar ned avstandane mellom eit mangfald av attraktive buområde og arbeidsplassar, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune.

- Behov for realisering av Storfjordsambandet er knytt til regional utvikling i form av styrka næringsutvikling, større bu- og arbeidsmarknad og betre transportløysingar for verksemdene, seier Randi Walderhaug Frisvoll som er nestleiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylket løyvde i april i år eit tilskott på 1,5 millionar kroner til vidare planlegging av Storfjordsambandet. Tilskottet nyttast til å delfinansiere og gjennomføre konseptvalutgreiinga for vegsambandet.

- Vi er glad for at kommunane og fylkeskommunen legg til rette for at politisk miljø, næringsliv og lokalbefolkning kan bidra i utgreiinga og planlegginga av samferdselsprosjektet, avsluttar dagleg leiar Øyvind Michael Olsen i Storfjordsambandet.

Om medverkingsprosessen

Tidspunkt

Aktivitet

Kvar / korleis

15.11.22, kl. 18:00

Informasjons- og innspelmøte - Sykkylven

Sykkylven storhall, vestibylen

16.11.22, kl. 18:00

Informasjons- og innspelmøte - Stranda

Storfjord kulturhus

17.11.22, kl. 18:00

Informasjons- og innspelmøte - Ålesund

Digerneset næringspark, MMC First Process, kantina

18.11.22, kl. 18:00

Val/skiping referansegruppe ifrå kommunar, næringsliv, interessentar

Teams

21.11.22, kl. 09-12

Arbeidsverkstad – medverking - 1 - Situasjonsbeskrivelse, problem og behovsanalyse

Teams

28.11.22, kl. 09-12

Arbeidsverkstad – medverking 2 – Strategiske mål og krav for prosjektet

Framtidslaben, NMK, Ålesund

Desember -22

Handsaming og oppsummering av innspel

Prosjektleiing / Norconsult

Des. -22 / januar -23

Høyringsrunde – alle interessentar

Kommunalt, nettbasert/epost

Januar – august - 23

Moglegheitstudie, alternativ-analyse, drøfting og anbefaling

Norconsult

Januar – august - 23

Løypande innspel ifrå kommunar, næringsliv, interessentar

Nettbasert

Sept. – okt. - 23

Sluttdokumentasjon

Norconsult (prosjektleiing)


Storfjordsambandet har passert behovsfasen og beslutningspunkt B0 i jamfør Møre og Romsdal fylkeskommune sitt prinsipp og prosedyre for realisering av «sjølvfinansierande prosjekt».

I august 2022 sette Storfjordsambandet i verk konseptvalutgreiinga, og det er forventa at den vil bli gjennomført og avslutta innan utgangen av 2023.

KVU-en skal resultere i eit beslutningsgrunnlag der ein tydeleg skal kunne skilje kva konsept som i størst grad oppfyller dei mål som er satt. Dette er også eit nødvendig beslutningsgrunnlag for å kunne gjennomføre ein KS1 prosess, med påfølgande vedtak om konseptval i samferdselsutvalet (beslutningspunkt B1).

Som ein del av KVU-en vil Storfjordsambandet utføre en medverkingsprosess i dei direkte råka kommunane Stranda, Sykkylven og Ålesund, der nødvendige interessentar og instansar involverast.

I medverkingsprosessen skal mellom anna behov og målsettingar leggast fram, drøftast og forankrast. I KVU-en vil dette vere skriven som situasjonsbeskrivelse, problemanalyse, behovsanalyse, strategiske mål, og mål og krav for prosjektet. Dette vil leggast til grunn for den vidare KVU-prosessen.

Norconsult er leigd inn som ekstern konsulent for gjennomføring av KVU-en i samarbeid med Storfjordsambandet. Dei bidreg som rådgjevarar i medverkingsprosessen, og er utførande i

Du kan lese heile pressemelding her. (DOCX, 293 kB)

For meir informasjon, sjå neste side eller ta kontakt:

Øyvind M. Olsen

Dagleg leiar, Storfjordsambandet AS
Tlf.: 911 85 817
epost:
dagleg_leiar@storfjordsambandet.no
c/o Doxacom, Norsk Maritimt Kompetansesenter, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund