Innkalling til vaksinering

Innkalling til vaksinering

I veke 22 får Sykkylven kommune 600 vaksinedosar. 246 av desse er 1.dosar. Mange personar i risikogruppe 5 og 6 vil få innkalling til vaksine denne veka. 

Du får ein SMS(tekstmelding) frå c19.no når det er din tur til å bestille time for vaksinering. Slik bestiller du time:

  • Du logger deg inn på c19.no/vaksine og bestiller time. Det er berre dei som har fått sms som kan gå inn og bestille time
  • Du får første ledige time, og kan ikkje velje dato og klokkeslett sjølv
  • Ikkje bestill deg time dersom du veit du ikkje kan møte til 1. eller 2. dose (det er 6 veker intervall mellom 1. og 2. dose)
  • Dersom du vert sjuk og ikkje kan møte, kan du avbestille timen din på c19.no eller ta kontakt på telefon 91 64 02 79.

Vaksina må settast kort tid etter at kommunen mottar den. Vi ber om forståing for dette, og oppfordrar alle som har bestilt time om å møte til tildelt dato og klokkeslett.

Du får sms med dato og klokkeslett for dose 2, etter du har tatt dose 1. (det er 6 veker mellom dose 1 og 2)

Sykkylven kommune får vaksinen Comirnaty (frå BioNTech og Pfizer). Vaksina er gratis.  

Klikk for stort bilete