Innspel til ruteendringsprosessen 2023Møre og Romsdal fylkeskommune skal starte ruteendringsprosessen for ferje - hurtigbåt- og bussruter i september 2022. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2023. Frist for å sende inn innspel er sett til 11. august. Sist endra04.05.2022 09.32 Innspela kan sendast til den kommunale trafikknemnda v/ Monica Hjelmevoll for vidareformidling til FK. Forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert FK ønsker tilbakemelding på ruteopplegget i høgtidene (t.d. julerutene). Kva er bra og kva endringar bør gjerast? Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene (rute nr. 10, 11, 33 og 48) må takast direkte med Statens Vegvesen Forslag til endringar av haldeplassar eller andre saker som ikkje vedkjem rutetidene spesifikt, må sendast i eige brev utanom denne ruteendringsprosessen. Sjå skrivet frå Svein Ivar Aarskog v/Møre og Romsdal fylkeskommune her (PDF, 278 kB).