Innstiller Bente Glomset Vikhagen som ny kommunedirektør i Sykkylven kommune. 

  Bente Glomset Vikhagen vert innstilt som ny kommunedirektør i Sykkylven kommune.

Innstillinga er einstemmig frå intervjugruppa si side. Ho vert tilbode toppleiarjobben om kommunestyret sluttar seg til saka. 

Kontaktperson:  
Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (tlf. 932 55 516). 

Måndag 4. april skal kommunestyret i Sykkylven handsame innstillinga.  

- Vi har hatt ein grundig prosess med bistand frå ekstern rådgjevar, politikarar, administrasjon og tillitsvalte. Vi er nøgde med å foreslå Bente Glomset Vikhagen som ny kommunedirektør, seiar ordførar Odd Jostein Drotninghaug. Han har leia intervjugruppa. Ordførar understrekar at det er kommunestyret som formelt tilset kommunedirektøren. 
 
Bente Glomset Vikhagen er i dag assisterande kommunedirektør i Ålesund kommune. Ho har brei toppleiarerfaring frå kommunal sektor og har ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.  

- Dette er ein spanande jobb i ei kommune som er nytenkjande og oppteken av å rigge seg for framtida, seier Bente Glomset Vikhagen. Ho er svært glad for innstillinga. Eg takkar for tilliten, men ynskje ikkje å seie meir før etter kommunestyret si handsaming, seier ho.  

Intervjugruppa har bestått av ordførar Odd Jostein Drotninghaug, varaordførar Birgitte Bonesmo, Hans Petter Sørensen, Olav Harald Ulstein og Monica Skjortnes hovudtillitsvalt i Fagforbundet. Headvisor, ved Kirsti Kalseth Sjøhaug har vore rådgjevar i prosessen.