Janssen-vaksine

Janssen-vaksine

Klikk for stort bilete Silje Ramstad Det er per i dag ikkje nokon av legane i Sykkylven som vil sette denne vaksina, og ein ber om at ein ikkje kontakter legekontoret med denne førespurnaden.  

Sykkylven legesenter får mange førespurnadar frå personar som ønsker Janssen-vaksina.

Stor pågang på telefon, og unødig oppringing vil kunne fortrengje personar som elles treng legehjelp.

Både Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Legeforeninga åtvarar mot denne vaksina grunna rapportar om alvorlege biverknader.

Kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen